Har du komme over eit tilbod som er for godt til å vere sant? Då er sannsynet stor for at det er svindel

Publisert 31.10.23 , sist oppdatert 25.01.24
Det dukkar stadig opp fleire svindelmetodar. Mange av dei er vanskelege å oppdage, men det er nokre greip du sjølv kan ta.
System hacked warning alert on notebook (Laptop). Cyber attack on computer network, Virus, Spyware, Malware or Malicious software. Cyber security and cybercrime. Compromised information internet.

Foto: iStock

– Vi har dessverre hatt veldig mange førespurnader og høge lesartal på nettsidene våre om bilvurderingstenester denne hausten, seier Linn Hogner Jahr som er direktør i Forbruker Europa.

Besøk til Forbruker Europas sider om bilvurderingstenester har dobla seg i lesartal frå same periode i fjor.

Bilvurderingstjenester er ei av mange tenester på nett der det er lett å gå i fella. Ifølge desse nettsidene skal du gratis få ei vurdering av kor mykje bilen din er verdt viss du fyller ut namn og registreringsnummer. Det blir sjeldan eller aldri opplyst om at tenesta kostar pengar.

– Vi ser stadig fleire forsøk på svindel på nett, og eg meiner at både unge som gamle er like utsett. Svindlarane finn stadig nye metodar som tilpassar målgruppa, og bruker språk og bilde som gjer at vanlege folk som du og eg trur på det, seier Jahr.

Utspekulerte metoder

I tillegg til useriøse bilvurderingssider snakkar vi i Forbruker Europa jamleg med forbrukarar som har blitt utsett for svindel.

– Det kan vere at du har vore medlem på ei datingnettside og fått ei kjemperekning i posten ei tid etterpå, eller at du har kjøpt noko frå ei nettside som rett og slett aldri hadde tenkt å levere den vara du kjøpte, seier Jahr.

Skulle du bli utsett for svindel er tipset eintydig: Kontakt banken eller kredittytaren din.

– Vi i Forbruker Europa anbefaler alltid å betale med kort, då banken har gode rutinar for kortreklamasjon, seier ho.

Kortreklamasjon er ei kjøpsforsikring som gir deg moglegheit til å fremje krav ovefor banken din der du ikkje når fram med eit krav mot seljar.

– Så snart du innser at du er utsett for svindel bør du kontakte seljar og krevje pengane tilbake. Deretter kontaktar du banken din, og du vil etter all sannsyn få pengane tilbake, avsluttar Jahr.