Hei du, influenser! Hjelp oss å beskytte unge forbrukere

Publisert 07.02.24
Netthandel og reklame i sosiale medier har blitt mer og mer populært. Unge forbrukere blir bombardert med kjøpsoppfordringer. Men mye av denne reklamen viser ikke det faktiske produktet du kjøper.

I februar kvart år blir markert Safer Internet Day i heile EU og EØS. I år er det fokus på reklamen som influensarar spreier i kanalane sine.

I dag finst det mykje skjult reklame, produkt som blir presentert som noko anna enn du får eller dårlege deals. Dette gjer at spesielt unge forbrukarar blir usikre når dei skal handle på nett.

Oppfordringa frå Forbruker Europa i Noreg og resten av EU og EØS er derfor: Influensar, hjelp oss å beskytte dei unge forbrukarar!

Europeiske reglar

Influensarar som nyleg har promotert eller selt eit produkt på vegner av ein europeisk seljar må følge europeiske lover og reglar. Men ikkje alle influensarar er medviten på kva reglar dei må forhalde seg til. Men ved å informere og fortelje om desse reglane kan influensarar bli meir medviten på rolla si og korleis dei står fram overfor unge forbrukarar når dei promoterer produkt eller tenester.

Hugsereglar for influensarar

  • Vêr open om forholdet ditt til firmaet du annonserer for
    Lagar du innhald med sponsa innhald, samarbeid eller gratis produkt må du merke dette. Ved å vere open hjelper du unge forbrukarar med å forstå konteksten, og om det du anbefaler eller viser fram er reklame eller den personlege opplevinga di. Det er reglar i Noreg for korleis ein merkar reklame i sosiale medium. Det kan du lese meir om i Forbrukertilsynets rettleiar om merking på sosiale medium. 
  • Sjekk kven du samarbeider med
    Samarbeider du med eit merke eller andre som seljar produkt bør du teste ut produkta før du reklamerer for dei i eigne kanalar. På denne måten kan dei som ser innhaldet eller følger deg ta meir informerte val og ha betre føresetnader for å stole på at det du reklamerer for er bra.
  • Faktasjekk
    Kjem du med påstandar om eit produkt du reklamerer for før du sjekke om det du seier faktisk stemmer. Her bør du undersøke fleire kjelder så du ikkje spreier feilinformasjon. Eit firma som seljar eit produkt vil som regel berre fokusere på det som er bra, ikkje feil eller manglar
  • Pass på at du ikkje spreier falske helsepåstandar
    Det er mange som reklamerer for tannbleiking, kosttilskot eller proteinpulver. Det finst ein del helsepåstandar om slike produkt som ikkje kan dokumenterast, eller som er basert på forsking ein bør vere kritisk til. Viss du reklamerer for eit kosttilskot som viser seg å innehalde ulovlege stoff, eller som ikkje held det som blir lova, er det fort gjort at dette svekker tilliten du har blant publikummet ditt