Kvart år reiser tusenvis av turistar med ferje eller cruiseskip både i inn- og utland. I EU og EØS-land er det eigne reglar for kva rettar du har viss det blir forseinkingar eller endringar i turen.
Dette bør du vite om ferje
Viss ferja/skipet blir forseinka meir enn 90 minutt eller innstilt har du krav på det som blir kalla ivaretaking. Det kan vere gratis mat og drikke, eller overnatting om det er nødvendig.
Dersom forseinkinga eller innstillinga kjem av vêrforhold som ikkje gjer det trygt å køyre båt, skip eller ferje har du ikkje krav på gratis overnatting, og heller ikkje gratis snacks, mat og drikke.
To val
Viss du legg ei anna rute for turen eller vil ha tilbake pengane for billetten kan du òg ha krav. Ofte kan du velje snarast mogleg omruting til det endelege reisemålet utan ekstra kostnad.
Viss du ikkje vel det nemnde alternativet, kan du ofte velje å få tilbake pengane for billetten, og dersom det er relevant få raskast mogleg gratis transport tilbake til utreisestaden.
Kompensasjonen, altså pengane du vil ha tilbake, kan òg givast i form av verdikupongar og/eller andre tenester, men kompensasjonen skal givast i kontantar dersom passasjeren ber om det.
Ekstraordinære omstende
Eit omgrep som ofte blir brukt når det er forseinkingar eller kanselleringar av reiser er «ekstraordinære omstende».
Når det gjeld ferje eller båt handlar ekstraordinære omstende ofte om at fartøyet ikkje kan reise til planlagt stad på grunn av:
dårleg vêr som gjer det vanskeleg å gjere reisa sikker for alle. Dårleg vêr kan vere tung sjø, sterk straum, vanskelege isforhold eller flaum.
Det kan òg vere omstende som ikkje kunne vere unngått. Dette kan vere naturkatastrofar som brann og jordskjelv, terrorangrep eller krig og konflikt.
Det er ferjeselskapet eller cruiseskipet som sjølv har ansvar for å bevise at fartøyet er innstilt på grunn av ein ekstraordinær omstende.
Til deg som skal på cruiseskip
Viss du skal på cruise i sommar gjeld dei same rettar for mat, snacks og overnatting om det blir forseinkingar eller kanselleringar. Men du har ikkje rett til tilbod om refusjon av billetten eller omruting. Om cruiseskipet blir forseinka til framkomststaden har du heller ikkje rett til kompensasjon fordi det ikkje er meint som eit transportmiddel på same måte som ei ferje som køyrer faste ruter for å frakte folk frå A til B.
Klage?
Viss du ønsker å klage på noko må du sende ei skriftleg klage til transportøren. Altså ferjeselskapet, båtselskapet eller firmaet som organiserer cruisereisa.
Klaga må sendast innan to månader frå dagen du starta reisa, eller skulle starta reisa. Det er lurt å ha ein kopi av klaga.
Viss du ikkje får svar innan ei viss tid, eller du ikkje er fornøgd med svaret på klaga kan du klage vidare. Viss reisa er i Noreg, kan du klage til Transportklagenemda. Er reisa i EU eller EØS kan vi i Forbruker Europa hjelpe deg.